Hör bare hur ditt hjärta bultar i mig
“I äventyrsböcker med fartyg och pirater skriver kaptenen loggbok.
I loggboken noteras vindstyrka i sekundmeter, problemer med fartyget, last, personal; i loggboken bokför kaptenen det som löpande sker med skeppet.
Nuläget fastlås.
Ute på villhavende hav.
Här är vi kapetein Nemo, här är vi.”
Dette kan berre starte på eitt vis, og det er med Hör bare hur ditt hjärta bultar i mig, av Bodil Malmsten. Boka er den fyrste i ein serie av fem bøker som har blitt kalla Loggböckerna.
Bøkene er ein fysisk versjon av bloggen Bodil Malmsten skreiv på gjennom mange år på www.finistier.se.
Den sida finnes ikkje no lenger.
Bodil Malmsten finnes ikkje her med oss lenger heller.
Men loggbøkene som ho fikk redigert og utgjeven eksisterar i allar høgaste grad.
Dette er også ein blogg.
Dette er også ein logg.
Dette er ikkje ei bok.
Og eg er ikkje Bodil Malmsten. Men så var det heller ikkje poenget.
“Gör inte som jag” heiter Malmsten si bok som handlar om å skrive.
Bodil Malmsten flytta til ein forblåst stad nordvest i Frankrike. Fin de terre - verdas ende. Frå der skreiv ho bloggen sin (Og fleire bøker). Eg har ikkje flytta til Frankrike. Riktignok bur eg på ein forblåst liten plass nord i Trøndelag. Men eg har ingen moldvarpar. Berre dundrande semitrailera som susar forbi huset mitt fordi plutseleg blei forbindinga mellom nord og sør i dette landet borte. Forbindinga er no huset mitt, eller meir presist vegen forbi huset mitt.
Svoooooosj! seier det, og så ristar alle bilete på veggen i stua mi.
Gör inte som jag, sier Bodil. Men her sit eg og skriv på ein blogg. Eg skriv på ein logg. Medan semitrailerane susar forbi og eg har byrja lese på ei bok av Montaigne.