Dei tek poetane og forfattarane først!
Dei tek poetane og forfattarene først!
Det er ei kjensgjerning i krig og diktatorstatar at det er poetar og forfattarar som er dei som blir teken først. Elles er me som samfunn kanskje ikkje så oppteken av poetar eller poesi i kvardagen vår. Det er vel som med insekta, med humler og biene: Vi skjønar alvoret først når dei er borte.
I det siste har eg ofte tenkt når eg sit i kontorlandskapet på jobben min:
Kva er det å være eit menneske?
Ei eit intervju på podcasten Poesidigg med Henning Bergsvåg siterer poeten Kristin Berget den meksikanske poeten Gloria Gervitz som seier at det viktigste er at ein nøydd til å leve som ein poet om ein vil skrive poesi. Og så kan det hende at om ein er heldig, så vil ein ein dag skrive noko som ein kan kalla poesi.
Å leve eit poetisk liv - er ikkje det eigentlig berre ei insistering om å vere eit menneske?
Burde me først leve som eit menneske for å bli eit? Og kva vil det seie?
Eg har innsett at dei beste dagane er når poeten i meg er med. Også når eg er på jobb.
Der eg spør om kva me ser når me ser.
Om det er mogleg å sjå på det me driv med på ein annan måte.
Eg spør om vi kan opne for noko meir. Om me kan sjå ein gong til. Men denne gongen ifrå utsida, frå undersida og opp, ifrå ikkje her - men der.
Eg vil seie: Les eit dikt i dag. Og eit nytt eit i morgon.
Det må vere den beste øvinga på å være eit menneske. Eg tror vi trong det no.
Her er diktet “Notat” av nobelsprisvinnaren Wislawa Szymborska (Gjendikta av Christian Kjeldsrup):
“Livet er den eneste måten
å dekkes med løv på,
hive etter pusten i sanden
stige til være på vinger;
å være en hund,
eller å stryke den over den varme pelsen;
å skille smerte
fra alt som ikke er det;
å komme seg på innsiden av det som skjer,
se noe fra flest mulige synsvinkler
å strebe etter å trå minst mulig feil;
En enestående sjanse
til et øyeblikk å erindre
en samtale som fant sted
med lampen slått av;
og i det minste én gang
snuble i en stein,
bli dyvåt når det bøtter ned med regn,
legge fra seg nøklene i gresset;
og å følge en gnist i vinden med øynene;
og uten stans fortsette med å gå glipp av
noe viktig.”
Bilete er frå ein poetisk morgon der ospetrea endå hadde lauvet på.